Hentet fra kvardagsmat.no
Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne metoden ein gong er eg sikker på at du vil gjere det fleire gongar.
Du treng i utgongspunktet ei gryte med lokk som tåler 250 grader. Har du ikkje det kan du bruke ei eldfast form eller ei heilt vanleg brødform utan lokk. Har du berre eit steikebrett tilgjengeleg lagar du rundstykker av deiga i staden, sjå framgongsmåte her.
- 50 g havregryn
- 100 g sammalt kveite fin
- 100 g sammalt kveite grov
- 50 g sesamfrø
- 50 g linfrø
- 50 g solsikkefrø
- 400 g kveitemjøl
- 1ts tørrgjær
- 1ss flytande honning
- 1ts salt
- 6 dl lunka vatn
- Sett bakebollen på ei vekt, null ut, og mål opp direkte i bakebollen.
- Ha i vatnet og rør saman til ei klissete deig.
- Set på lokk og la heve 8-10 t, gjerne over natta.
- Brett deiga nokre gongar over seg sjølv i bakebollen, strø på godt med mjøl og set på lokket igjen. La etterheve i ca 30 min.
- Set gryta med lokk inn i omnen og skru på 250 grader, slik at gryta får varme seg opp.
- Når omnen er varm velter/heller du deiga over i gryta og rister litt på gryta slik at det ligg midt i.
- Set på lokk og steik i 30 min, før du tek av lokket og skrur ned til 230 grader i 15 min.
- Avkjøl på rist.
Nydeleg brød laga med lite arbeid men mykje tid:)